Våre tilsette - vår viktigaste ressurs
Våre medarbeidarar er profesjonelle, har god lokalkunnskap og er den viktigaste ressursen for deg som kunde og oss som byrå. Vi er medlem av bransjeorganisasjonen Virke Gravferd. Alle våre faste tilsette gjennomgår Virke Gravferd Fagkurs, noko som er med på å sikre kvaliteten på våre tenester.
Hege vart tilsett som gravferdskonsulent i 2012. Ho er utdanna sjukepleiar og har arbeidd m.a. på sjukehus og i eldreomsorg. Hege tek fagkurs og følgjer kompetansestigen for gravferdskonsulentar i Virke Gravferd.
Telefon: 412 16 282
Epost: hege@sogngravferdshjelp.no
Dagleg leiar
Ingar vart tilsett som gravferdskonsulent i 2013. Han er utdanna tømrar og har yrkeserfaring m.a. frå politiet, kyrkja og som bedriftsleiar. Ingar tek fagkurs og følgjer kompetansestigen for gravferdskonsulentar i Virke Gravferd.
Telefon: 915 58 797
Epost: ingar@sogngravferdshjelp.no
Hans Magne vart tilsett som gravferdskonsulent i Sogn Gravferdshjelp i 2015. Han er m.a. utdanna agronom og har erfaring både som gardbrukar og rekneskapsførar. Hans Magne tek fagkurs for gravferdskosulentar og følgjer kompetansestigen i Virke Gravferd.
Telefon: 905 55 948
Epost: hansmagne@sogngravferdshjelp.no
Kristine byrja som gravferdskonsulent i 2016. Ho er utdanna spesialpedagog og har arbeidserfaring m.a. frå skule og barnehage. Kristine tek fagkurs og følgjer kompetansestigen for gravferdskonsulentar i Virke Gravferd.
Telefon: 905 09 661
Epost: kristine@sogngravferdshjelp.no
Mathias vart tilsett i fast stilling som gravferdskonsulent i 2019, men var før det, tilkallingshjelp i tillegg til at han studerte. Han er utdanna sjukepleiar og har også høgskuleutdanning innan teologi, idrett og friluftsliv. Mathias tek fagkurs og følgjer kompetansestigen for gravferdskonsulentar i Virke gravferd.
Telefon: 995 90 608
Epost: mathias@sogngravferdshjelp.no
Oddny vart tilsett som gravferdskonsulent i 2023. Oddny er utdanna apotekteknikar og har lang erfaring som kundehandsamar på apotek. Ho er også kursa i sjelesorg og som sorggruppeleiar. Oddny tek fagkurs og følgjer kompetansestigen for gravferdskonsulentar i Virke Gravferd.
Telefon: 481 23 625
Epost: oddny@sogngravferdshjelp.no
Kristin er deltidstilsett gravferdskonsulent. Ho er opprinnleg frå Sandnes og flytta til Sogn grunna studiar. Kristin har arbeidserfaring som lærarvikar, samt frå gartneri og serviceyrke, m.a. frå Walaker hotel.
Viktoria er deltidstilsett gravferdskonsulent. Ho er innfødd Sogndøl. I tillegg til jobben hjå oss er ho også å treffe på jobben hjå dyreklinikken i Sogndal.
Tom vart tilsett som gravferdskonsulent i 2023. Han er opprinneleg frå Jæren men kom til Sogn og busette seg for meir enn 35 år sidan. Han har nær 30 års erfaring frå næringslivet og har i alle år vore aktiv i frivillig arbeid i heimbygda.
Telefon: 908 80 761
Epost: tom@sogngravferdshjelp.no