pexels-photo-96654_mini.jpeg

Døden kjem brått, sjølv når han er venta

Sjølv når alder eller sjukdom gjer døden til ein naturleg utgang, kjem det ofte brått på. Stilt ovanfor døden reagerar vi på ulikt vis. Nokre gonger er situasjonen rundt eit dødsfall slik at tida etterpå vert svært vanskeleg for dei som står att. Andre gonger kjem døden som ei lette. 

Vi gjer vårt beste for å komme etterlatne i møte, i den situasjonen de står i. Vi kan ta hand om alle praktiske sider ved gravferda:
I dei fleste tilfeller vil det vere ynskjeleg med ein samtale med dei næraste, anten på våre møterom, heime hjå familien eller pr. tlf. og epost.

I ein slik samtale går vi gjennom m.a:

  • Val av kiste

  • Fastsetjing av seremonitider

  • Dødsannonsar og innrykk

  • Minneside

  • Utveljing av songar og produksjon av seremoniprogram

  • Minnebok frå gravferda

  • Solistar til solosang og musikkinnslag

  • Blomsterbestilling til seremonien

  • Pynting og assistanse under seremonien

  • Minnesamvær

  • Gravferdsstønad frå NAV

I tillegg tek vi også hand om m.a::

  • Stell av den døde

  • Bårebil med sjåfør og eventuelle medhjelparar

  • Henteteneste ved dødsfall i heimen

  • Kontakt med gravferdsetat/kyrkja

  • Kontakt med seremonileiar/prest

  • Kontak med musikar/organist

  • Båreandakt

  • Melding av dødsfall til offentlege kontor

  • Gravmonument og inngravering av namn

  • Transport av kiste i inn- og utland

Gravferd frist

I følgje norsk lov skal gravlegging av kiste, eller kremasjon, finne stad innan 10 virkedager etter dødsfallet. I særskilde tilfelle kan ein søkje Gravferdsetaten om forlenging av fristen.

Det er ingen krav til at det må haldast gravferdsseremoni, men om ein vel å ha seremoni eller ikkje, så skal gravlegginga og evt. seremoni skje i verdige former.

Mange vel å halda seremonien i ei kyrkje, eit kapell eller eit anna leigd lokale, og får hjelp av prest eller ein annan person til å lede seremonien. Det er også mogeleg å ha gravferdsseremonien i heimen eller utandørs, og ein kan leie og organisere sjølv. Sogn Gravferdshjelp har erfaring med å rettleie i ulike val av seremoni, og har også utdanna eigne seremonileiarar.

Dersom avdøde har uttrykt spesielle ønskjer for eiga gravferd, bør dette sjølvsagt respekterast. Samstundes er gravferda først og fremst til for dei etterlatne, og det er viktig at deira behov for å ta farvel står i fokus.

Dødsannonsen

Dødsfall vert som regel kunngjort gjennom dødsannonse i ei eller fleire aviser. Ønskjer de som etterlatne at seremonien skal finne stad i stillheit, kan annonsen tilpassast dette. Det er ikkje noko krav til at eit dødsfall må bli annonsert.

Erfaring viser at openheit kring omstenda og deltaking frå personar utanfor den næraste familien kan vere ei god støtte i sorga. Det er dei etterlatne som tek den endelege avgjerda om kunngjering av dødsfall. Dødsannonsa kan rykkjast inn så snart tid og stad for seremonien er bestemd.

Vi hjelper deg med å sette opp forslag til dødsannonse. Dødsfallet vert då også kunngjort på våre minnesider

pexels-photo-29129_mini.jpg

Melding om dødsfall

Sogn Gravferdshjelp hjelper til med å melde dødsfallet til dei offentlege etatane. Unnateke er melding om arv og skifte. Dei etterlatne må sjølve sende inn skjema for arv og skifte til lensmann/skifterett i avdøde sin kommune i løpet av 60 dagar etter at døden inntraff. Hjelp og rettleiing til val av skifteform og/eller utfylling av skifteskjema kan ein få hjå lensmann/skifteretten, eller ved å kontakte eit advokatkontor.

Etterlatne må sjølv sende melding om dødsfallet til m.a:

  • Bank, forsikringsselskap og fagforeining

  • Posten

  • Telefonselskap og nettleverandør

  • Straumleverandør

  • Statens vegvesen/køyretøyregisteret

  • Burettslag/husvert

  • Abonnement, aviser og tidsskrifter

  • Foreiningar

  • Hjelpemiddelsentralen

  • Sosiale medier

Gravstad

Alle har rett til fri grav i heimkommunen. Kva gravstad ein soknar til, er avhengig av bustadadressa. Grava si fredningstid er på 20 år etter siste nedsetting av kiste eller urne, og ein betaler ikkje festeavgift i denne perioden. Ein har ikkje rett på fri grav dersom ein vel ei grav som allerede er festa, eller ein vel grav i ein annan enn bustadkommunen. Når fredningstida på 20 år er over, kan ein normalt forlenge festet mot ei avgift til kommunen. Etterlatne har råderett over gravstaden ut festetiden. Ønsker ein ikkje å forlenge festeperioden, går grava tilbake til gravsplassen sin disposisjon.

Det er som regel kyrkjekontoret i den aktuelle kommunen som administrerar gravplassane på vegne av kommunen. På mange gravplassar har ein høve til å bli med ved val av plassering av grava. Ta kontakt med det aktuelle kyrkjekontoret og gjer avtale.


Det er gravferdsloven som regulerar bruken av gravplassen. Lokale kyrkjegardsvedtekter kan i tillegg innehalde særlege reglar for den aktuelle gravplassen.

pexels-photo-28773_mini.jpg

Arv, skatt og skattemelding ved dødsfall

Her følgjer informasjon frå Skatteetaten om arv, skatt og skattemelding ved dødsfall. Skattemeldinga til avdøde personar vil ikkje bli sendt i posten. Den må hentast på eit skattekontor. Hugs å ta med skifteattest med fullmakt. Det er han eller ho som har fullmakt som kan få skattemeldinga. 

Det kan vera høve til å be om førehandslikning av dødsbo. Rettleiing får du best ved å kontakte skatteetaten. og evt. skifteretten.

Trygdeytingar og stønader

Dersom avdøde mottok pensjon frå NAV, vil siste utbetalt vere for dødsmånaden. Om avdøde hadde tilleggspensjonar vil mange av desse ha siste utbetaling påfølgande mnd. etter dødsfallet. Gjenlevande ektefelle eller mindreårige barn kan ha rett på trygdeutbetaling etter tap av ektefelle/forelder. Sjå NAV Trygd for meir informasjon.

Gravferdsstønad

Gravferdsstønad frå NAV er behovsprøvd og vert gitt til dekning av faktiske, nødvendige utgifter i samband med gravferda.
Maksimalt stønadsbeløp finn du på NAV sine nettsider. Stønaden vert avkorta mot formue, forsikringsbeløp m.m.

Er avdøydde under 18 år, er det inga behovsprøving mot formue m.v. NAV yter stønad som dekkjer utgiftene opp til maksimalt stønadsbeløp. 
Vi kan hjelpe til med å sende søknad til NAV.

Transportrefusjon

Når den samla avstanden frå dødsstaden til næraste naturlege gravstad (i forhold til bustadadresse) overstig 20 km, vert utgiftene til båretransporten dekka med unntak av ein eigenandel. Vi hjelper deg å sende refusjonskrav til NAV.

Dersom ein vel gravstad og/eller seremonistad som ligg lenger borte frå dødsstaden en næraste naturlege gravstad, må familien sjølve betale meirkostnaden med båretransporten.

Forsikring og gravferdskasse

I nokre forsikringar ligg det ein utbetaling knytt til dødsfallet. Ei rekkje fagforeiningar utbetalar også gravferdsbidrag (gravferdskasse) for sine medlemmar og i nokre tilfelle også for medlemmane sin ektefelle. Pårørande må sjølve melde inn dødsfallet til forsikringsselskap og fagforening for å få informasjon om deira utbetalingar og stønadsordningar.