pexels-photo-72161_mini.jpeg

Kyrkjeleg seremoni

    Kyrkjelege seremoniar ved gravferd:

    Inngangsmusikk - Klokkeringing - Preludium (solospel eller forspel til salme) - Salme - Inngangsord - Inngangsbøn - Minneord - Korte helsingar, evt. dikt, blomsterpålegg - Solospel eller salme, cd-avspeling - Skriftlesing - Salme (kan utelatast hvis det er salme etter minneord) - Tale - Bøn - Herren si bøn

    Ved begravelse følgjer salme, musikkinnslag og postludium (kista vert boren ut under postludiet). Ved grava syngjer ein ei salme før skriftlesing og bøn. Kista vert senka, og seremonien vert avslutta med jordpåkasting, skriftord, velsigning og salmevers.

    Hvis det er ønskjeleg med soloinnslag, sang, evt. musikk, så hjelper vi til med å ordne dette.

    Humanistisk seremoni

      Dette er eit forslag til ein humanistisk seremoni ved gravferd. Spør oss gjerne om alternative løysingar. Vi kjenner regelverket og kan hjelpe til med å skape ein personleg seremoni.

      Førehandsmusikk - Klokkeringing - Musikk/solosang/fellessang - Minneord - Personleg helsing - Tale - Musikk/solosang/fellessang - Opplesing (dikt eller liknande) - Musikk/solosang/fellessang - Kista vert boren ut eller seremonien vert avslutta i kapellet.

      Muslimsk gravferd

        Hjå Sogn Gravferdshjelp har vi lang erfaring med gravferd basert på muslimske tradisjonar og skikkar.

        Vi tilbyr familien rådgjeving, tilrettelegging og gjennomføring av gravferda. Ønskjer de at avdøde skal sendast til heimlandet har vi erfaring og kan hjelpe med råd her.

        pexels-photo-66459_mini.jpeg

        Livssynsopen seremoni ved gravferd

          I ein personleg seremoni kan pårørande sjølv bestemme innhaldet. Ein kan fritt bestemme songar, musikk, dikt og andre innslag.

          Ein personleg eller livsynsopen seremoni gjer det muleg å kombinere uttrykk frå ulike tradisjoner og kulturar. Samstundes kan det vere viktig å ha nokre faste rammer som sikrar oppleving av verdigheit i gravferdsritualet.

          Våre gravferdskonsulentar har lang erfaring i å gje råd til pårørande ved planlegginga av seremonien. Vi har også seremonileiarar som kan bidra med minnetale og framføringa av denne.

          Andre trussamfunn

          Noreg har i dag mange ulike trus- og livssyn. Gravferdsrituala er ulike og vert også påverka av tradisjonar.

          Vi har erfaring med å tilrettelegge seremoniar med ulikt religiøst innhald. Det er svært viktig for oss at gravferda skjer i tråd med avlidne sitt livssyn og pårørande sine ønskjer.

          Minnesamvær

            I Noreg har vi lang tradisjon for å samle familie, slekt og vener til minnesamvær etter seremonien.

            Ofte vert det sagt nokre ord innleiingsvis, og dei som ønskjer det komme med sine eigne tankar undervegs. Slik minner vi avlidne i fellesskap, og mange opplever at nettopp fellesskapet blir ein viktig del av sorgprosessen. Minnesamvær kan ein halde i eit leigd lokale eller heime.

            Våre tilsette legg til rette for minnesamvær og kan formidle bestilling av lokale og bevertning.

            pexels-photo-111166_mini.jpeg

            Musikk gir rom for følelsar

              Musikk har ein sentral plass i vår gravferdstradisjon og er svært ofte ein viktig del av seremonien.

              Musikken avdøydde sjølv sette pris på kan fremførast under sermonien. Tradisjon kan også vege tungt: Tilhørigheit i ein familie, eit lokalsamfunn eller eit trussamfunn, gir gjerne føringar ved val av musikk. Personlege musikkval gir seremonien ein personleg tone og er ofte eit mektig bidrag til ei vakker avskjed.

              Vi hjelper deg med å velje salmer og musikk under seremonien.