Historikk

Sogn Gravferdshjelp er eit tradisjonsrikt gravferdsbyrå som vart etablert i 1972 av Else og Gunnar Holen. Dei dreiv byrået fram til 1983 då Gunnar døydde brått.

I 1983 overtok Svein Nybø Sogn Gravferdshjelp.  Han hadde då arbeidd i Drammen begravelsesbyrå i 20 år.  Svein busette seg på familiegarden i Gaupne og byrået fekk base der.  I 1989 vart Sogn Gravferdshjelp omorganisert frå personleg selskap til aksjeselskap.  Svein Nybø dreiv byrået fram til han vart pensjonert i 2004. 

I 2004 vart det nytt eigaskifte i Sogn Gravferdshjelp.  Kjell Grønli overtok byrået etter å ha jobba mange år i gravferdsbyrå i Oslo. Det vart etablert kontor i Lærdal og Sogndal og i 2018 vart det opna kontor i Årdal.

1. juli 2022 overlet Kjell byrået til tre av sine tilsette. Hege Urnes, Hans Magne Kvåle og Ingar Husum vart nye eigarar.

I desember 2025 flytta Sogndalskontoret inn i trivelege lokale i Stedjevegen 37 i Sogndal,