Våre tilsette - vår viktigaste ressurs

Våre medarbeidarar er profesjonelle, har god lokalkunnskap og er den viktigaste ressursen for deg som kunde og oss som byrå. Vi er medlem av bransjeorganisasjonen Virke Gravferd. Alle våre faste tilsette gjennomgår Virke Gravferd Fagkurs, noko som er med på å sikre kvaliteten på våre tenester.

IMG_4950.JPG

Historikk

Sogn Gravferdshjelp er eit tradisjonsrikt gravferdsbyrå som vart etablert i 1972 av Else og Gunnar Holen. Dei dreiv byrået fram til 1983 då Gunnar døydde brått.

I 1983 overtok Svein Nybø Sogn Gravferdshjelp.  Han hadde då arbeidd i Drammen begravelsesbyrå i 20 år.  Svein busette seg på familiegarden i Gaupne og byrået fekk base der.  I 1989 vart Sogn Gravferdshjelp omorganisert frå personleg selskap til aksjeselskap.  Svein Nybø dreiv byrået fram til han vart pensjonert i 2004.  Svein er ein kjærkomen rådgjevar og tradisjonsbærar.

I 2004 vart det nytt eigaskifte i Sogn Gravferdshjelp.  Kjell Grønli overtok byrået og etablerte kontor i Lærdal og Sogndal.  Kjell hadde lang erfaring frå gravferdsbyrå i Oslo.

I februar 2015 flytta byrået inn i trivelege lokale i Parkvegen 3 i Sogndal, og i mars 2018 opna vi kontor i Årdal. 

1. juli 2022 overlot Kjell byrået til tre av sine tilsette. Hege Urnes, Hans Magne Kvåle og Ingar Husum vart nye eigarar.

Virke Gravferd

Sogn gravferdshjelp as er medlem i Virke Gravferd. Vi er forplikta til å oppfylle kvalifikasjonskrava til foreininga. Desse blir kontrollert av eit bransjeutval. Foreininga har eit nøytralt klageutval, der Forbrukerrådet er representert.

Alle våre medarbeidarar har teieplikt.

Prisar og priseksempel

Frå og med 1. januar 2013 har Pristilsynet sett som krav at alle gravferdsbyrå legg ut opplysningar om sine prisar på nettsida.  

For at de lett skal kunne orientere dykk om prisar og t.d. samanlikne prisar mellom fleire byrå har vi også lagt ut priseksempel på ei gravferd, etter pristilsynet sin mal.

Pris på gravferd, gravsteinar o.l vil variere mykje, ut frå dykkar ønskjer. Ta gjerne kontakt med oss for å få eit uforpliktande prisoverslag.

 

Priseksempel kommunar