pexels-photo-72161_mini.jpeg

Kyrkjeleg seremoni

Dei fleste kyrkjesamfunn tilbyr gravferdsseremoni for sine medlemar. Den Norske Kyrkja står framleis for flest gravferder.

Innhaldet i ei kyrkjeleg gravferd vil inneholde mange religiøse ellement som t.d. salmesong, skriftlesing, tale og jordpåkasting. Det er likevell opning for personleg tilpassing av seremonien gjennom t.d. pynting, minneord, musikkval o.l.

Kyrkja sin seremonileiar, t.d. prest, pastor, diakon, har kontakt med familien tidleg etter dødsfallet for å fylgje dei pårørande i tida fram til gravferda.

Humanistisk seremoni

Om ein ønsker ein livsynsopen eller ein humanistisk gravferdsseremoni, kan vi m.a. hjepe med å finne eigna lokale, skaffe seremonileiar og gravferdstalar, samt å lage eit forslag til oppbygging av seremonien. Uansett kva seremoni ein vel, har ein rett til fri grav på gravplassen som er nærast til der avdøde var folkeregistrert.

pexels-photo-66459_mini.jpeg

Personleg seremoni ved gravferd

I ein personleg seremoni kan pårørande i stor grad sjølve bestemme form, innhaldet og stad for gravferdsseremonien.

Ein personleg eller livsynsopen seremoni gjer det muleg å kombinere uttrykk frå ulike tradisjoner og kulturar. Samstundes kan det vere viktig å ha nokre faste rammer som sikrar oppleving av verdigheit i gravferdsritualet.

Våre gravferdskonsulentar har lang erfaring i å gje råd til pårørande ved planlegginga av seremonien. Fleire av våre gravferdskonsulentar har utdanning og erfaring som seremonileiar, og kan bidra med m.a. sorgsamtale, utarbeiding av minnetale og leiing av seremonien.

Det er eit krav etter Norsk lov at gravferdsseremoni og gravlegging skal skje med verdigheit og ikkje i strid med avdøde sitt livssyn.

Andre trussamfunn

Noreg har i dag mange ulike trussamfunn og livssyn. Gravferdsrituala er ulike og vert også påverka av tradisjonar.

Vi har erfaring med å tilrettelegge seremoniar med ulikt religiøst innhald. Det er viktig at gravferda skjer i tråd med avdøde sitt livssyn og pårørande sine ønskjer.

Minnesamvær

I Noreg har vi lang tradisjon for å samle familie, slekt og vener til minnesamvær etter seremonien.

Ofte vert det sagt nokre ord innleiingsvis, og dei som ønskjer det komme med sine eigne tankar undervegs. Slik blir avdøde minna i fellesskap, og mange opplever at nettopp fellesskapet blir ein viktig del av sorgprosessen. Minnesamvær kan ein halde i eit leigd lokale eller heime.

Våre tilsette legg til rette for minnesamvær og kan formidle bestilling av lokale og bevertning.

pexels-photo-111166_mini.jpeg

Musikk gir rom for følelsar

Musikk har ein sentral plass i vår gravferdstradisjon og ofte ein viktig del av seremonien.

Personlege musikkval gir seremonien eit personleg preg og er for mange eit viktig bidrag til ein verdig avskjed.
Musikk som avdøde sjølv sette pris eller musikk som er ein strek del av vår tradisjon- og religion er ofte viktige føringar for musikkval.

Vi hjelper deg med å velge salmer og musikk til seremonien samt å skaffe solistar.